Kontakt

Besøksadresse
Møkstertunet - Bygg 4
Skogstøstraen 37, 4029 Stavanger
Postadresse
Dusavikveien 216,
4028 Stavanger
12.03.2015

Ungdata i Hjelmeland: Grip tak i mobbing

Ungdataundersøkelsen blant 100 elever i Hjelmeland viser mer mobbing, røyking og bruk av hasj enn i landet forøvrig. De unge i Hjelmeland er til gjengjelde aktive og fornøyde med seg selv. Dette fremkommer i et medieoppslag i Strandbuen av 27.februar 2015.
KoRus Stavanger har en rolle i Ungdataundersøkelsene som gjennomføres i alle kommuner i Rogaland og Strandbuens oppslag på Ungdata undersøkelsen for 2014 siterer KoRus Stavangers rådgiver sin analyse av funnene;

Sven Gustafsson frå Kompetansesenter for rus i Stavanger presenterte svara på eit breitt utval av spørsmål for elevar, foreldre, politikarar og andre interesserte på Hjelmeland samfunnshus på tysdag. Sjølv om ungdomsskuleelevane i Hjelmeland på dei fleste område var som i landet
forøvrig, var det også område der dei skilde seg ut. Tala viste at heile 9 prosent hadde opplevd mobbing. Andre undersøkingar viser at dette talet på landsbasis ligg på 4 prosent.

– Det er rundt 100 ungdomar som har svara på undersøkinga. Det tyder på at det er 9-10 unge som opplever mobbing. Det er opp til dykk om det er eit akseptabelt tal, eller om dette er noko de vil gripa tak i, sa Gustafsson.

Lite alkohol, mykje hasj
Han meinte at ungdomane frå Hjelmeland på mange spørsmål valde svar som «svært nøgd» eller «svært lite nøgd» der snittet elles i landet gjerne låg meir midt på. – Det er ofte slik at det er ei stor gruppe som har det veldig bra, og så er det ei lita gruppe som har det veldig dårleg, sa han.
Sjølv om det var veldig få ungdomar som svara at dei hadde drukke alkohol, var tala høgare enn snittet når det gjeld røyk, snus og hasj. Heile 6 prosent svara at dei hadde røykt hasj. Det er dobbelt så høgt som elles i landet. Tala for småkriminalitet som nasking, tagging,slåssing og innbrot låg også relativt høgt.

– Desse tala samsvarar godt med andre tal i undersøkinga. Det er ein veldig høg del av ungdomane som seier at det er nulltoleranse for drikking frå foreldra si side. Det viser seg i at det ikkje er mange som drikk. Dei aller fleste ungdomane svarar at hasjbruk gir låg status i miljøet, men dei som svarar at dei røyker hasj er i stor grad dei same som svarar at det gir høgare status, illustrerte Gustafsson.

Se oppslag i Strandbuen 27.februar 2015.
Tillatelse er gitt av redaktør i Strandbuen.

Foto: Illustrasjonfoto,
har ikke noe med ungdommene i kommunen å gjøre.
shutterstock 73695892%5b1%5d a teenage girl sitting on the bleacher steps with a serious expression